top of page

INFO

Odd-Erik Lothe (f. 2503. 1972), er best kjend som mangeårig frontfigur og skapande kraft i Fabel. I den rolla har han vore hovudansvarleg for fem albumutgjevingar med bandet. Utgjevingane har hausta stor begestring, særleg hjå kritikarar og radiofolk. Bandet har to gongar fått album kåra som årets album av NRK P1 sitt ”Norsk på norsk.” I 1997 var dei nominert til spelemanspris i viseklassa for albumet ”Flørt”, før dei i 2002 fekk fylkeskulturpisene i Sogn og fjordane.

Lothe er også medlem av den vestnorske humortrioen ”Radio Røynda”, der populærorkesteret Finn-Erix er ein sentral komponent. Dessutan er han ein av fem vokalistar og låtskrivarar i rock´n´roll/rockabilly-bandet Green Granadas som albumdebuterte i 2007. Siste tilvekst på stammen er det norskspråklige rockabillybandet Krom som albumdebuterte i mars 2016.

Hovudvirke har likevel fortsatt vore i eit litt utvida visebgrep. Etter åra med Fabel starta han bandet Lothe som gav ut 2 kritikarroste album. Siste samarbeidspartner på albumsida er Migtht Magnolias. Tittellåta frå dette albumet har vore lista av NRK P1 gjennom heile sommaren 2020. Same år debuterte Odd-Erik Lothe som komponist for teater med oppsetninga Vestland, Vestland. Sidan fulgt nytt album saman med Mighty Magnolias, før eit heilt spesielt samarbeid med legende Olav Stedje og kulturell altumuligmann Finn Tokvam såg dagens lys i år. I februar mottok Lothe den gjeve Luttprisen frå NRK Sogn og Fjordane.

bottom of page