Tekstar; Songar

Jordbær og grasbrann

 

Minnene skrive te meg frå havsalte daga

då sommaren stod midt imot meg og brølte: god dag!

og eg va en krøllete gutekropp alle jaga

men jentene va like rare som dei e i dag

 

Jordbær og grasbrann

du traff som en syl

og du smakt fjord

solbrune kinn og lipsyl

 

Vi låg der i graset og trudde vi kunne det meste

og det strutta av visdom og svar bak bikinien din

og sola hon stod høgt der oppe og buldra og freste

men eg låg der og va ganske livredd for å bli din

 

Eg laug meg te himmels, eg spelte en verdsvand kolloss

men eg hadde knapt kyss, klapp og klemma mi eiga mor då

vi stod der og skolv mens augustsola drog mildt ifrå oss

og eg ga deg et myggstikk på truten og språng derifrå

 

Te stormen bøye av

 

Du bere på

et hjerte bak et skjold av tynn vårsol

små, såre ord

tromma imot ruta frå din stol

 

og blikket ditt røre ved det

som ligge der, men du ser ned

eg kunne ha famla uti uveiret med en kvit stav

men eg blir her te stormen bøye av

 

En rastlaus draum

svømme vekk i regnet ved din fot

kver draum du har

e like modig som en dødspilot

 

eg høyre mørke tankeras

og porselen som går i knas

eg kunne ha famla uti uveiret med en kvit stav

men eg blir her eg e te stormen bøye av

 

du gøyme fjeset ditt blant svar

og mine spørsmål gjer deg rar

eg kunne ha famla uti uveiret med en kvit stav

men eg blir her te stormen bøye av

 

For halv maskin

 

Det e tidlig morning, sola vekke oss fram

klokkene står, dei har stått sia jul

juli brenne mot oss som en godhjerta brann

gjennom villniss og rot, gjennom grønkledde skjul

og vi kler oss og går mot brygga

så lettbeint som vind og skygga

og helsa havet hei

og legge ut frå kai

og vi går

 

dogg, dogg, dogg, dogg, doggidogg dogg

dogg, dogg, dogg, dogg, doggidogg dogg

– for halv maskin

 

Det e ei speilblank flate vi knuse te kvitt

sjå, i vatnet glir kjølen som en doven delfin

og du står i brisen med hår långt og fritt

og speida mot land og seie at no ve du in

vi går i land i vår fødedrakt

i ei seng av sand har vi aldri lagt

eg vogga mot deg på båreslag

vi e flo og fjære i lag

og vi går....

 

 

Mann i måne

 

Mann i måne, eg kan sjå deg no

der du sveva i di digre glo

dei kalla deg et eventyr

for meg e du en klok og snodig fyr

 

Mann i måne, har du nåken der

har du nåken du e nær?

sjøl strekke eg hende i tom luft

fortell meg at sant ska ha fornuft

 

Mann i måne, slepp ned lyset ditt

og lag en vei for ustø skritt

la det bli en lettbeint vei å gå

la der vere ei bomulsseng å nå

 

Mann i måne, e du endå der

natta vekse i et blålig skjær

eg e redd for å leve og for å dø

eg e redd for rom og stille sjø

 

Mann i måne, før eg går te sengs

gje meg en god draum, eg trur han trengs

la det bli en mångefarga skatt

ser deg i måra, ha god natt!

 

 

Sykkeltur

 

Du og eg sykla med ei støvete sol

himmelen henge i håret ditt, tjukt

Vi surra som homlene i blomster og bol

og sansane dirra av sommar og flukt

 

Du har korga på styret, der e alt vi må ha

det rumla i magen og klirra i glas

Vi sykla mot stranda, havet dønna et ja!

og opna lugaren te et salt og vått kalas

 

Sykkeltur i tankefrie svev

bakkane imot oss e slett ikkje strev

hjertet e ankra med ballonga og lyst

smilet ditt snor seg som fjord og som kyst

for du e søt som blåbærsaft!

 

Vi veit ikkje enda om vi to blir to

so dei smila vi sende e flyktige skjelv

Vi traska som venna i kverdagsgrå sko

no blinka du mot meg med hår som ei elv

 

Vi veit begge to det blir måndag igjen

at veiane bak oss snart tvinga oss heim

Eg håpa i redsel og gjér deg en klem

vi må gå siste stykke, du punkterte i en stein

 

Uendelig

 

Høyr på meg no

eg e uendelig, uendelig

sjå på meg no

eg e uendelig, uendelig

 

det finns en himmel bakom alt det kjende

der det e berre ro og ingen lenke

 

orda blir te ingen ting

surra rundt i ring            

og eg berøra deg

skuggen din glir over meg

 

Sola skine

hon e uendelig, uendelig

dagen e lat

han e uendelig, uendelig

sekunda renne vekk og blir te daga

og blomstrane du held om blir te haga

 

Eg høyre gråten din no

han e uendelig, uendelig

han e som svalande vind

han e uendelig, uendelig

alt blir knust i ei forløysande båre

gråt e ikkje berre for det såre

 

 

På tide

 

Det e på tide å våkne opp te lys og liv igjen

å rive skoddene og trekke mørket frå

å la det ubebudde huset få besøk igjen

å fylle lungene med grønt og himmelsjå

å trekke mørket frå

 

Det e på tide å sjå godveir igjen

det e på tide å la sansane våkne opp igjen

 

Det e på høg tid å få rydda loft og kjellarrom

å tømme skuffene og blåse støvet ut

å løfte dynene av løftene eg fabla om

å vaske viljen rein med nyvridd klut

å blåse støvet ut

 

tid passera i et sladrespeil

reisa tar oss over rett og feil

og skår av gråt, glede, levd og drøymt

veien vår blir te der alt e gløymt

 

Det e på tide å la ugjort bli gjort

det e på tide å ta sjansen før sjansen drive bort

 

Vinter i eventyrland

 

Eg kan sjå at sola tegna gras på veggen

gras frå sommaren som va

eg kjenne sola brenne, slikke meg på leggen

og eg kjenne nåke, men veit ikkje ka

og en vind spring ini rommet mitt og tar meg

te det huset der all tvilen bur

og eg veit at alt e trygt og du e nær meg

men allikevel ser eg at sola snur

 

det e vinter i eventyrland

vinter i eventyrland

 

Eg ser ei dør i et rødt minne og eg lengta

spora våre fryse når eg går

eg tar ei handfull av det som eg hadde stengt av

og et hjerte som brenne når det slår

men ansikt går i knas for meg der ute

kanskje va det alt for trygt der vi har gått

og lengselen slår sprekke i mi rute

for rommet vårt va tidvis tomt og grått

 

det e vinter i eventyrland

vinter i eventyrland

 

Holebuaren tar tak om klubba

og slår sønd håpet om ei bru

han slår skogen flat te alt e berre stubba

ingenting kan få han te å snu

for kor e gnisten eg såg bakom dine aue

det e so sjelden at han lyse for meg no

og mellom oss e alle vinda flaue

men i ei anna natt har eg funne ei glo

det e vinter i eventyrland

 

Følelsen

 

Juni e kommen, står her i døra

varm som engel av støv

ungane leika, skråla i gata

men eg e like døv

alt eg høyre e stumme hjerteslag

stille tima som blir en endlig dag

 

For eg savna den følelsen

kor blei den av?

den doggvåte følelsen

kor blei den av?

kjæreste kor e vi hen?

har vi gått oss bort igjen?

for godt?

 

Jo visst e du vakker, endå den same

ingen kan vere så god

men tonen som dirra, skalv gjennom rommet

kan du høyre den no?

rekke stjernene fram te oss i kveld?

finns det bakgrunn for lyset likevel?

 

Blodet som vandra urolig i kroppen

nervanes hungrande kor

alt det som gjer oss te bytte for livet

når skjønte vi at det fór?

gjennom ruta, ei siste stripe dag

natta venta med nådelause svar

 

Kjærleik og luft

 

Blir du med dit dag og natt har skifta navn?

dit ønskene du har, e ro og mette savn?

kom te ei seng med raude rose, fyll din favn

 

Kom hit og bli ei tid i hjerteland

og gå deg bort med draumen hand i hand

ta med et kyss, ei halsgrop full av luft

fyll bagasjen din med kjærleik og luft

 

Blir du med, der du og eg e berre vi?

der lyset i et rom, e huda di mot mi?

kom te en dag for oss, uten andre i

 

Ta toget te ingenstads, gå av på en navnlaus stasjon

blant ansikt i vrimmelen.

og møt  meg i andre person

lyster i spenn, et møte skjer igjen for fyste gong

 

Kjærleik og luft

 

Frk. Fryd

 

Frøken Fryd e tebake

vi går styr over stake

hon trippar over viljen te hjelpelause menn

kom igjen, kom igjen, kom igjen, kom igjen!

 

Feber, fest og fiesta

smil som bildene festa

det glisar fett i byen og i haudets soverom

sjå på hon, sjå på hon, sjå på hon, sjå på hon!

 

Sjå på vesle frøken Fryd

det e vår i bedd og i mann

ta en skål for frøken Fryd

og drikk ut mens du endå, mens du endå kan!

 

Frøken Fryd e i gjære

med alt som tankane bere

med klorofyll og røre te en drink hon kalla vår

og den slår, og den slår, og den slår, og den slår!

 

Mellom sol og mellom lyn

 

Eg har et udyr i brystet som klora og ve ut

eg kjenne smak av det forbudte og smak av blod og krut

eg går svolten i lokalet, eg e en bunden mann på leit

eg ve brenne alle spor, eg ve vekk frå alt eg veit

og hon står der som en engel, i et dampande sekund

eg går ut på tomme løfte og en gapande avgrunn

 

Midt mellom storm og stillhet

mellom galskap og klart syn

midt mellom lyst og trygghet

mellom sol og mellom lyn

 

Eg ve ha hon på et laken, i ei brennande seng

eg ve ha hon uten vorspiel, berre ta alt det eg treng

eg ve ha hon i et tråppetrinn, i et rom med knuste glas

eg ve brøle hon i håret, eg ve vere i et ras

eg ve ha hon, eg ve smake hon som om hon va en vin

eg ve ha hon midt i ansiktet og puste hon in

 

Vi står utafor og klokka e blitt kvart over to

hon brenne under kjolen, hon e ei mørk og dødlig glo

og eg e full av øl og songa, eg e full av farlig rus

og over meg e himmel, og under fossebrus

og hon tar meg mjukt i armen og spør kor vi ska gå

eg blir redd og tenke: det kan eg ikkje svare på

 

 

Rust (latinversjon)

 

Å, so e det vår igjen

nuk et år som forsvann

halve livet står igjen

tida e som en brann

som  et gammalt godstog på en solvridd skinnegong

det buldra og knaka

sprira og spraka

her kjeme en ny sesong

 

Å, liv e du meir  enn rust?

fins det villfarne veia vi endå kan gå

fins det drauma vi enda kan nå

e vi meir enn rust?

 

Ska alt bli som før igjen

og få liv en gong te?

kjenne gamle arr som klør igjen

synder som ikkje fekk skje

alt e så løfterikt, det lukta løftebrot

det blinka og glitra

synge og kvitra

her kjeme knopp og skot

 

Du kan ta sorgene på forskudd og tru gjelda e nedbetalt

du kan tru du e usårlig, men di uro e berre sparkla og overmalt

det e den tida i livet du e dømt te å drive mellom håp og resignasjon

du e endå en røvar, en seigliva støvar, stig av på neste stasjon

 

Her e fugla som skrike i havgap og vike

her går båta med sprut og himmelen strekke seg ut

Sjøluft og tjære, alt et hjerte kan bere

her e rekved og skrot, her e anger og bot

et kjølvann som koka, ei fortid av floka

eg ser en lys horisont, heile verda går rundt

eg ser folk på en odde, eg har haude fullt av skodde

sola opp, opp på tå, og fjorden e kald og blå

 

Sukker & salt

 

Du og eg e likedan, men likevel i en forstand

så e vi en av kver

du er ro og eg drift, du lengta heim eg ve på vift

for vi e fjern og nær

eg e sindig, du e kvikk

du har mot, eg e en strikk

vi har det meste, litt meir enn dei aller fleste

 

Vi to e so forskjellige, alt i alt e vi alt

også like, men likevel, vi e sukker og salt

 

Du e orden, eg e rot, eg flaksa rundt, du e ei not

som fanga meg igjen

du e sikker, eg har tvil

eg ser meg sjøl, du ser ei mil

te neste undarenn

eg har brukt og du har spart

du har lært, eg har erfart

vi har det meste, litt meir enn dei aller fleste

 

av og te blir kvitt og svart et tydelig terreng

lavtrykk møte høgtrykk, men te sist i same seng

 

Vere to

 

To i spann, finne fram, går i land

på dei draumane dei har

ei reise som skjer

i hjerte som ser

og får svar

Vere to, finne ro, finne livet som svara igjen  

på ekko av savn

vere to, finne ro

finne ut kor du endlig ve hen

å lose sitt liv i havn

 

Hud og hår, hjertet rår, pulsen slår

finne vei i begge to

som pust i en munn

et febersekund

som ei glo

 

Kjærlighet e som en stor akkord

av stemme som klinge i kor

summen e større enn en og en

hinsides regla og ord

 

Vere der, for alltid nær, i alt dei gjer

å våkne te ny dag

te skiftande veir

med løfte om meir

tid ilag

 

 

Arret

 

Som et arr frå et sår eg aldri rakk å få

som lyden av skritt ingen rakk å gå

kviskra du te meg innafrå

Som musikk frå et rom eg ikkje visste om

som spor på en vei bak en gjenlåst bom

krype du nær, heit og ung

 

vi skulle hatt ei fortid vi kunne ha angre på

no vi leve i trygghet uten å forstå

vi har aldri vore, vi ska ikkje bli

vi e forlengs forbi

men vi e ikkje fri

 

Som et arr frå et sår eg aldri såg at eg fekk

som lyset som finne vei gjennom ei sprekk

har du funne meg og e vekk

 

Heimlig himmel

 

Eg ska ikkje reise vekk, te Thailand, Bali eller Middelhavet

ikkje pakke noken sekk, ikkje stå i kø og kave

eg ska berre  bli bak eigen hekk

 

Eg ve berre vere her med deg,

under heimlig himmel

du og eg

du og eg

långt frå mas og tjas og  folkevrimmel

under heimlig himmel her med deg

 

Eg har vore utenlands,

reist land og strand, og sett den høgste nuten

men mot deg har ingen sjans

forandring fryda ikkje denne guten

dessuten har eg dårlig retningssans

 

Folk får holde på

la toga berre gå

vi ska suse rundt eige bol

kom regn, kom sol

vi e trygge i vårt bol

i vårt bol

 

Den finaste songen

 

Den finaste songen ska du få

om det endå fins vei igjen å gå

den finaste songen e en båt

som tar deg over sakn og gråt

men den finaste songen lagde aldri eg

den har eg stole frå en sleten trubadur

den finaste songen den handla om deg

om lyset som stige når mørket i oss snur

 

Dei finaste orda ska du få

om du endå lar dørene stå

dei finaste orda e et tak

en himmelkvelving, stjerneklar og strak

men dei finaste orda va det aldri eg som fann

dei har eg stole frå dei tusen pennars hand

dei finaste orda e støvkorn og små grann

dei som når gjennom skodda der draumen møte land

 

Den finaste vinen ska du få

om du endå kan sjå det eg kan sjå

den finaste vinen e et sjal

et ly, ei sol, et karneval

men den finaste vinen har eg aldri kunna gje

den har eg stole frå en kjellar i et slott

den finaste vinen e en febertrøtt armé

som hærtar deg sakte i landet bakom blått

 

 

Sommarregn

 

Mildt, svalande regn

regn med å bli våt, det gjer ingenting

jubelbrus og himmelsk applaus

over alt som vandrar omkring

som vandrar omkring

 

Syng, syng gjennom regn

dans i en strøm av hastande bein

par om par, forsvinne dei bort

over glatt og syngande stein

og syngande stein

 

Lyden av dropar mot en morkna paraply

menneske som søke same ly

yr i lufta, yr trafikk

yr i sjela, yr panikk

og alle ler i sommarregnet

i sommarregnet

 

Bløtt, plaskande regn

ungar som leikar, våte og fri

venlig krig og flagrande rop

gjennom regn vi alle e i

vi alle e i

 

Kjenn byen luktar gras og grøne blad

et trekk, et grådig magedrag

av våken dag, et magedrag

av våken dag!

 

 

Blomsterbarn

 

Du og eg, i balanse med alt omkring

vi e vårt eige solsystem som kretsa rundt ingenting

vi leita blant skye, finne ei som e vår

tar et romskip mot sola, og ser kor vi når

 

å vere blomsterbarn

frie, søkande barn

i en sommars usynlige garn

å vere blomsterbarn

 

Harmoni, mjuke stemme mot store ord

ror seg ut på vinmørkt djup og drukna i eigne spor

der allting e mulig, det umulige nær  

der veien e målet og målet e her

 

Stjel oss ei anna tid

kle oss i lånte fjør

la oss få tru at vi

en gong har vore før

i ei anna tid

 

Til deg

 

Ingen har augo so gode og milde – utan som Du

Ingen kan smile fram solskin og glede – soleis som Du

Ingen kan stryke ei tåre frå kinnet

Ingen kan vekkje ein lengsel i minnet

Soleis som Du

Soleis som Du

Ingen i hugen har kveikt meg eit kvede – rikare enn Du

Ingen har fått mine tonar og tankar – soleis som Du

Ingen har ført meg frå svartnatt og sorger

Inn i dei sæle solljose borger

Soleis som Du

Soleis som Du

Ingen har fått mine tonar og tankar – soleis som Du

I dine hagar eg lengtande vankar – diktande Du

Ingen har teke og ingen har fått det

Einast Du eig det, Du einast har ått det

Kjæraste Du.

 

Sjenert

 

Dei sa eg vekse det av meg

dei peikte på meg og lo

så stiv, så søt og rar

men korleis har eg det no?

 

Usikker, kaldsvett i vrimmel

på dugnad med kaffikopp

som far, forsagt og stiv

i en voksen mann sin kropp

 

E du en av oss merklige sjenerte

e du fåmælt og snål

e du en av dei stille, parkerte

som finns bakom mas og gnål

vi e et usynlig bål

 

Det e klart du kan kompensere

med vin og øl, o la la!

blir nesten sosial

blir galen, yr og glad

 

Men angsten tar deg i nakken

i bakken uten beskjed

når du må prate tørt

med den du våkna med

 

Vi e ei uønska rase

vi e av moten for godt

det ska vere amerikansk og stort

og slettes ikkje smått

 

No ska du slå deg på brystet

beskjedenhet e passé

rop ut, vis ken du e

elles e du ikkje me

 

Stjerneklart

 

To milliona flak av snø

frå himmelen i en veldig kø

små kyss imot panna

dei veit ikkje anna, so e dei dø

 

I snøvêret hasta vi forbi

en snømann som står der like bli

for snømenn e rare

dei trur dei skal vare te evig tid

 

men plutselig

stansa vi

ser at himlen opna seg fordi

 

No e det stjerneklart

vidstrakt himmel ei vinternatt

og det e lys i kvert vindu vi ser

det e nåke som frydefullt skjer

snart e det jul

 

Kan hende vi går oss bort i natt

blant skavla og dumpe, glade skratt

kan hende vi fanga     

ei stjerne som  landa

ved oss i natt

 

glitresti

her går vi

under månens klare blikk fordi

 

 

Nordfjordnatt

 

Det e natt over fjella ved fjorden

månen henge på himmelens rand

som et aue som våke i natta

helde han vakt i et sovande land

 

I august finne mørket tebake

då får stjernene lyse i fred

då blir stillheten dobbelt so stille

og kver draum dette umerkelig ned

 

Kjenne en vind full av angrande sommar

det e ingenting som e forbi

alt e her, berre låst inn i natta

alt som sverma har no funne hi

 

Eg har reist vekk og ikkje tenkt meire

på alt det eg reiste ifrå

no e tankane større og fleire

når ei nordfjordnatt ikkje ve gå

 

Det e natt over bygda ved fjorden

i det svartstille segla en båt

han stryke forbi Kjølsdalsneset

og forsvinne der månen blir våt

 

Tyggis

 

Tyggegummisongar tygger rim, tygger solskjen

plystrar byen full av melodi  

i åttendelspar joggesko

synkopera gjennom sjel og blod

et søtt refreng i tynn kjole går forbi

 

en-to-tre-fire-fem-seks-sju

der e du, der e du, der e du

du e den songen eg ve ha

kling i meg, syng, gjer meg glad

gjer meg glad!

 

Hjertet e et kor, en harmoni full av tonar

blikket mitt e blånkt som en trompet

tanken telle taktlaust ned

etter siste vers ventar det

et nytt refreng, et som ber om kjærlighet

 

Store trommer drønnar tungt i en dans

bassen buldrar, du e uten en sjans

gitar, gitar, en streng som ryke igjen

en nerve klirrar, halsen helde i spenn

før en luftig akkord

brer vingane ut igjen, brer vingane ut!

          

 

Om berre du var her

 

Kald natt, regn i byen

to surklande sko

susande blod

folk virrar på heimvei

før alt går til ro

 

I lufta heng en gjengløymt nyttårsrakett

en fest forbi, et par på heimvei  går tett

aleine i mengda

långt vekke og nær

om berre du

om berre du var her

 

Et blinkande lyskryss

musikk frå en bil

latter og smil

ei stemme, et ansikt

et savn utan tvil

 

Med vinden driv en gammal falma plakat

Et nachspiel frå et vindu, høgrøsta prat,  

aleine i mengda,

långt vekke og nær

om berre du

om berre du var her

 

tida som går

er tida vi får

alt kan skje

alt vi e

e no